| Folkemusikk CD |
Solé sprett(Av Bente Hemsing. Bestill her!)
Tittelen er henta fra reinlenderen "Solé sprett på kvisto". Dette er ei folkemusikkplate med arrangert tradisjonsstoff frå Valdres som blir spelt på fele, hardingfele, song og langeleik. Medmusikantar på CD-en er Helge Norbakken (perkusjon), Anders Røine (mandola, gitar, munnharpe), Harald Høyvik (bass), Stein Erik Tafjord (tuba) og resten av familien Hemsing. Helge Norbakken har spelt fast i Mari Boine sitt band i 9 år, og Stein Erik Tafjord er ein av musikarane i Brass Brothers.
Fordi eg i mange år arbeidde som distriktsmusikar i folkemusikk i Valdres, har eg valt musikk frå heile Valdres - frå Hedalen i sør til Vang i nord. Eg vil spesielt nemne to læremeistrar som eg har mykje å takke, og som eg og har hatt glede av å arbeide samen med i Valdres Folkemusikkgruppe i fleire år. Desse to er Harald Røine (1941-1998) og Trygve Bolstad (f. 1943). Ungane våre går no i lære hjå Trygve. Songstoffet har eg lært direkte av utøvarar og gjennom arkivmateriale i Valdres Folkemusikkarkiv. Endre har hatt fleire læremeistrer på langeleik. Dei to viktigaste er Olav Viken og onkelen, John Hemsing (1922-1993), som igjen har sin tradisjon frå mora, Anne Hemsing f. Rogn (1877-1961).
Opptaka til CD-en er gjort av Rune Glimsdal i Studio Stabbur på Leira. Plata vart kjøpt inn av Statens Innkjøpsordning som ei av fem folkemusikkproduksjonar i 2004. Det er til no solgt rundt 1.200 CD-ar.
"Solé sprett på kvisto"
"Bånsull i gamleselet"
|


