Program
onsdag 22.02
  • 19:00 "Smak med tonar", Danebu Kongsgaard, Aurdalsåsen Me tjuvstartar festivalen med god mat og musikk spelt av artistar frå festivalen på Danebu Kongsgaard.
torsdag 23.02
  • 17:00 Middag (magjerd) og foredrag på Frydenlund Skysstasjon, Aurdal Me inviterer til ein forsmak med mat og foredrag om Hamsun og Grieg og deira tilknyting til Aurdal før opningskonserten i Aurdal kirke kl. 19.30.
  • 19:30 Festopning, Aurdal kyrkje Opningstale ved Olemic Thommessen. Artistar: Kirill Troussov, Anna Fedorova, Tor Espen Aspaas, Nickolas Schwartz, Andreas Brantelid, Dionysis Grammenos, Leah Hennino, Eivind Holtsmark Ringstad, Knut Aastad Bråten, Ole Aastad Bråten, Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing.
fredag 24.02
  • 11:30 Besøk i Galleri Hilsen, Garlivegen, Fagernes Dalens mest anerkjente biletkunstnar, Eva Laila Hilsen tek imot oss i sitt «Livets hus», fortel om arbeidet sitt og viser fram måleri, grafikk og teikningar. Ope hus
  • 13:00 Minikonsert med lunsj på Noraker Gard, Noraker gard Minikonsert med festivalens artistar på Noraker Gard med lunsj inkludert. Nils Noraker kåserer om garden og rakfisken. Buffé med spesialitetar og kortreist mat.
  • 17:00 Musikkaperitiff, Danebu Kongsgaard, Aurdalsåsen Musikalsk smakebit med noko attåt før kveldens konsertar i Aurdal. Me samlast til hyggeleg samvære, og det vil bli servert drikke og litt å bite i. Pakketilbod for fredag kveld: To konsertar, Aurdal kyrkje kl 18.30 og I kveldsetun med Ingrid Bjørnov i SMIA kl 21.30. Drikke og enkel servering. Buss ned frå Danebu til konsertane, og buss opp til Danebu etter konsert i SMIA.
  • 18:30 Kyrkjekonsert , Aurdal kyrkje Urframføring av eit nytt stykke komponert til Eldbjørg og Ragnhild Hemsing av Olav Anton Thommessen, og kammermusikkverk av Schubert og Brahms.
  • 21:30 "I kveldsetun" med Ingrid Bjørnov, SMIA i Aurdal Med som gjesteartistar er musikarar frå festivalen. Ingrid Bjørnov er Noregs leiande humorpianist. Ho har underhaldt Noreg i 35 år, fyrst som popartist i duoen Dollie, seinere som musikalkomponist og kapellmester, og dei siste 15 åra som musikalsk stand-up-artist, programleiar og forfattar.
laurdag 25.02
  • 11:00 Guida skitur, Danebu til Bjørgovarden Turen endar opp ved Aurdal fjellkyrkje og konserten «Musikksporet» kl. 14.00. Turguide: Gerda Grøndahl. Møtestad for skitur: Parkeringa ved Danebu Kongsgaard. Turguide: Gerda Grøndahl.
  • 12:00 Musikksporet kl 12.00, Aurdal fjellkyrkje Matinékonsert med verk av m.a Mozart og Grieg. Ski Classic får eit nytt innhald: Det nye konsert-konseptet «Musikksporet» er ein føremiddagskonsert i Aurdal fjellkyrkje laurdag 25. februar. Her kan publikum gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå seg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i fullt skiantrekk og nyte 45 minutt med klassisk musikk før dei tek på seg skia att og fortset skituren.
  • 14:00 Musikksporet kl 14.00, Aurdal fjellkyrkje Same program og artistar som til Musikksporet kl 12.00.
  • 14:00 Familiekonsert , SMIA i Aurdal Musikarar for framtida. Konsert med Juniorensemblet Barratt Due frå Oslo med Sigyn Fossnes som dirigent. Solist, Bjørg Pas og Ragnhild Hemsing. Medverkande på konserten er det lokale barneorkesteret, Valdresstrykerne.
  • 14:00 Omvising i langeleikutstillinga på Valdres Folkemuseum, Fagernes Det særnorske instrumentet langeleik har vore spelt i store delar av Noreg, men Valdres er den einaste staden med ein ubroten levande tradisjon.
  • 15:00 Konsertkåseri med Tor Espen Aspaas, Valdres folkemuseum, Fagernes «Vi må forplikte oss til å føle ungt!», eit konsertkåseri om evigunge Edvard Grieg (1843–1907), hans liv og musikk – og om kunst som «overskudd av lengsel», av og med Tor Espen Aspaas.
  • 19:00 Virtuosen, SMIA i Aurdal Programleiarar: Ole og Knut Aastad Bråten. Virtuos musikk og kjente klassiske perler. Pakketilbod for laurdag kveld for Virtuosen og Konsertquiz, kr 350.
  • 21:00 Konsertquiz, SMIA i Aurdal Uformell og artig avslutningskonsert på festivalen. Bente Hemsing er programleiar, og alle artistane på festivalen opptrer.